Tidenes alpinsatsing på Vestlandet

Voss Fjellandsby - Myrkdalen skisenter 2008 --- Photo: Ole Vidar Søviknes

Rundt 700-800 millionar kroner skal investerast i det som vil bli eitt av Noregs største alpinanlegg

Vi skal løfte oss opp i eliteserien, sette Voss og Myrkdalen på kartet i alpin-Noreg, og forsterke dette som ein heilårs reiselivsdestinasjon, seier Egil Svoren som er styreleiar i Voss Fjellandsby AS.

Til saman 11  skiheisar med eit gigantisk løypenett og kapasitet på 15 000 gjestar kvar dag er planlagt i Myrkdalen, som ligg ein halv times køyring frå Voss i eit av Noregs mest snøsikre fjellområda mot Vikafjellet. Det gjer oss til eit av dei største alpinanlegga i Noreg, seier dagleg leiar i Voss fjellandsby, Nils Akselberg.

Sidan starten i 2003 er det investert 60 millionar i skiheisar og serviceanlegg. Neste steg i utbygginga er ein ny seksseters stolheis til 46 millionar kroner som vil stå klar i november i år. Voss fjellandsby har satt seg føre eit mål om å nå ein omsetnad på heiskort til 30  millionar i løpet av tre år.

Bakgrunnen for at vi føretek desse investeringane allereie nå, er at kapasiteten langt på veg er sprengd. Dette har vi nå tatt tak og doblar kapasiteten i anlegget. Stolheisen vil få ein kapasitet på 3000 personar i timen, seier Svoren.

Voss fjellandsby har som mål å vere det sjølvsagte fyrstevalet for skihungrige vestlendingar, men òg eit godt alternativ for andre nordmenn og skituristar frå utlandet. Området gir muligheiter for alle kategoriar alpinistar laussnø.

Snøen lavar ned i Voss fjellandsby på vinterstid. Fjellandsbyen er med snødjupner opp mot fem meter ein av dei mest snøsikre skidestinasjonane i Europa. Dette syner at Voss fjellandsby i Myrkdalen har ei svært lys framtid som alpin leikegrind for heile familien, seier Akselberg.

Fakta om Voss fjellandsby, Myrkdalen

* Omsetnad på 100 millionar kroner i 2007

* Plassering i Myrkdalen, 13 mil aust for Bergen

* Ope kvar dag mellom 10.00 og 15.30

* Hytter, leilegheiter og hotell i kort avstand til alpinanlegget

* Eigarar: Sektor EiendomsPartner AS 60% og Grendahl Holding AS 40%

Info hentet fra: http://www.vossfjellandsby.no/

 

 

website design companies page
ProHD Counter